«Lykkelandet» og «Jenter til salgs»

«Lykkelandet» og «Jenter til salgs»

Korleis går ein fram når ein skal filme og byggje tillit til folk i den yttarste naud? Og korleis får ein avdekka kriminelle nettverk? Det er noko av det Synnøve Bakke, Kjersti Knudssøn og Anette Berentsen – teamet bak NRK Brennpunkt-dokumentarane «Lykkelandet» og «Jenter til salgs», vil snakke om når dei kjem til Hauststormen. I desse filmane går dei på innside av rommiljøet, både i Bergen og i Bulgaria.

«Lykkelandet» er den mest sette dokumentaren i NRK nokonsinne, med nær 1,2 millionar sjåarar i Norge. I tillegg er den sett av over 800 000 i Sverige. Den har fått både Gullparaplyen og Prix Circom regional; Best investigative documentary in Europe. 

Synnøve Bakke, journalist

Synnøve har jobba i NRK sidan 1992, og har vore journalist i Brennpunkt siden 2005. Ho står bak en rekke prisløna avsløringar fra inn- og utland.

Kjersti Knudssøn, journalist

Kjersti har jobba i NRK sidan 1993, og har vært journalist i Brennpunkt sidan 2002. Saman med Synnøve Bakke har ho laga dokumentarar som har fått fleire prisar.

Anette Berentsen, fotograf og redigerer

Anette har jobba i NRK sidan 1998. Ho starta som nyhendefotograf, men har sidan jobba på fleire seriar og Brennpunktdokumentarar, både som fotograf og redigerar. Ho har mottatt fleire prisar for sitt arbeid.