Boka mi – slik gjorde vi det

Boka mi – slik gjorde vi det

Har du ein draum om å skrive bok? Fleire journalistar har gjort det. Kva er utfordringane? Under Hauststormen møter du forfattarane bak to av dei ferske bøkene i haust. Liv Skotheim i Bergens Tidende og tidligere Sysla-journalist Martin Larsen Hirth har skrevet boka “Frank Aarebrot – hele Norges professor”. Gøril Grov Sørdal i NRK har skrive “Nomino – historia om norske stadnamn”. Du får historiene om bokprosjekta deira frå idé til ferdig bok. Dei gir deg også tips om du sit med ein bokdraum.

Bio:

Liv Skotheim (f. 1977) er journalist og debattleiar i Bergens Tidende. Ho er utdanna medievitar frå Universitetet i Oslo, og har jobba i Aftenposten og BT sidan 2005. Skotheim samarbeida med Frank Aarebrot i samband med ein rekke debattar.

Martin Larsen Hirth (f. 1984) er energianalytikar i Greensight. Han var tidligare journalist i Sysla og arrangementsansvarleg i Bergens Tidende. Hirth er master i samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen og var i 2009 leiar for Sampolkonferansen.


Gøril Grov Sørdal (f. 1974) har sidan 2000 jobba som radio- og TV-journalist i NRK. Ho blei interessert i namn og stadnamn etter å ha jobba med emna i Norgesglasset på P1 og Språkteigen på P2, og skapte og leia seinare TV-serien Nomino, som gjekk på NRK1. Sørdal har studert historie, medievitskap, folkloristikk og arabisk ved Universitetet i Bergen.