Konstruktiv journalistikk: Kva er det og kvifor har vi bruk for det?

Konstruktiv journalistikk: Kva er det og kvifor har vi bruk for det?

I denne sesjonen får du konkrete verktøy for å vurdere om du har ei god historie.

 

Presenterer media eit balansert bilete av verkelegheita? Eller overeksponerer vi det dramatiske og konfliktfylte i kvar einaste sak? Dette er spørsmål Mathias Friis frå Danmarks Radio vil stille i ein sesjon som presenterer sjangeren konstruktiv journalistikk.

Bli med og reflekter over di eiga rolle i faget, og hør korleis media bidrar til å gje eit skeivt bilete av verda.  

Bio: Mathias Friis er gravande journalist i DR Nyheders gravegruppe i København, der han produserer tv-dokumentarar til DR og lagar avslørande reportasjar til flaggskipet 21 Søndag. I 2017-2018 var han medarbeidar ved Constructive Institute ved Aarhus Universitet, der han blant anna undersøkte korleis media kan nytte seg av konstruktiv journalistikk ved å fremme ein meir kvalifisert offentleg debatt. Friis har vunne fleire prisar for journalistikken sin, og har vore nominert til Danmarks mest prestisjetunge journalistpris, Cavlingprisen, to gonger.