Utbygging i bygda opp mot ytringsfridom

Utbygging i bygda opp mot ytringsfridom

Avisa Hordalands si sak om ein utbyggingsstrid rundt militærleiren Bømoen på Voss skapte stor splid i bygda. Eigarane av leiren blei skulda for å blande korta. Dei var sponsorar av Voss ski- og tursenter, og likte ikkje at skisenteret sin styreleiar trykka «like» på Facebook på eit innlegg mot utbygginga. Saka blei også krevjande for avisa, som blei kontakta av fleire som prøvde å stoppe saka, og det var vanskeleg å få tilsvar. Som ofte i slike saker, måtte redaksjonen stå imot eit stort press.

Journalist Ørjan Bratteveit fortel om korleis det er å jobbe med ei sak som splittar lokalsamfunnet. Kva skjer med lokaldemokratiet når slikt skjer? Brattetveit fekk Sølvparaplyen for jobben han gjorde rundt denne saka. Du kan høyre han fortelle om prosessen under Hauststormen

Bio: Ørjan Brattetveit har jobba i avisa Hordaland sidan 2005. Før det var han m.a. sju år frilansar i Latin Amerika, med base i Havanna.