Tysfjord-tragedia: Slik vann han offera sin tillit

Tysfjord-tragedia: Slik vann han offera sin tillit

Harald Amdal er frilansaren som gjennom tolmod og godt arbeid med kjelder avdekka ein fleire tiår lang overgrepskultur i Tysfjord. Etter publisering i VG i 2016 etterforska politiet 151 overgrepssaker frå åra 1953-2017, med 82 fornærma og 92 mistenkte. Svært mange av dei var ein del av det lulesamiske miljøet i Tysfjord.

Under Hauststormen får du møte eitt av offera, «Liv». Ho turte etter kvart å fortelje Harald om fleire overgrep, frå fleire overgriparar – blant dei hennar eigen far. «Liv» stiller opp i en samtala i lag med Harald. Samtalen blir leia av TV 2s Siren Henschien.

Samtalen kjem til å dreie seg rundt korleis Harald greidde å bygge tillit på innsida av eit samfunn som i mange tiår hadde dekka over overgrep. «Liv» skal også få fortelje kvifor ho valde å fortelje si vonde historie til Harald.

Det var i lag med Kenneth Hætta at Harald Amdal i 2015 avdekka det som skulle bli kjent som Tysfjord-saka. Arbeidet var ein del av ei mastergrad i journalistikk ved Høgskulen i Volda.

Harald har bakgrunn frå TV 2, VG og fleire lokalaviser. I dag er han, i tillegg til frilansjournalist, universitetslektor ved OsloMet og lærar ved Høyskolen Kristiania. Saman med Hætta og VG-journalistane Eirik Linaker Berglund og Thor Harald Henriksen, blei Amdal tildelt Fritt Ords Pris 2018 for Tysfjord-saka. Harald er frå Sauda og 33 år gamal.