Få lesarane med over betalingsmuren

Få lesarane med over betalingsmuren

Kva er ein god paywall? Korleis skal vi få lesarane til å klikke, eller enda betre, kjøpe, journalistikken vi lagar? Under Hauststormen får du suksesshistoriene frå VG og VG papir i kurset: ”Korleis får du lesarane med over betalingsmuren?”

Ken Andre Ottesen skal halde kurset. Han er manusforfattar, forfattar og satirikar, i tillegg til hovudvaktsjef i VG. Vi kan nesten love at dette blir eit både lærerikt og morosamt kurs.