Lær datajournalistikk

Lær datajournalistikk

Under Hauststormen kan du melde deg på kurs i datajournalistikk. Det er mykje fokus på verktøy, men få snakkar om metode. Lasse Lambrechts og Anders Grimsrud Eriksen frå BT sitt redaksjonelle utviklingsteam, Bord4, deler tips og triks om korleis du kjem i gang med datajournalistikk. Kva er data? Kor finn du data? Kva gjer du med data? Slike spørsmål vil dei prøve å svare på. 

Lasse Lambrechts er nyheitsutviklar i Bergens Tidende og har jobba med datajournalistikk sidan 2010. Lasse elskar å grave seg ned i store datamengder for å finne historiene dei skjuler.

Anders Grimsrud Eriksen er datajournalist og utviklar i Bord4. Han har programmert løysningar for å forenkle journalistkvardagen i over 15 år, og har ei spesiell interesse for datavisualiseringar og kartløysningar. Eriksen er utdanna journalist og har tidligare jobba 12 år i TV 2 Nyhetene. Foto: Jan M. Lillebø.